Austevoll kommune
Austevoll kommune ligg vest i Midthordland, mellom Bergenshalvøya og Stord. Kommunen består av 667 øyar og holmar. Folketalet er om lag 5.250 innbyggjarar. Befolkning og næringsaktivitet er i hovudsak fordelt på dei fem største øyer som også er bundne saman med bruer.
Austevoll har svært høg næringsaktivitet og er heimstad for fleire større bedrifter innanfor marin og maritim næring og leverandørindustri knytt til desse. Kommunen er også heimstad for Austevoll vidaregåande skule, ein av Europas største havforskingsstasjonar, og Fagskulane i Hordalands avdeling i Austevoll.
Austevoll kommune eig 50 prosent av Blått kompetansesenter vest, og har signert avtale med Blått kompetansesenter vest om å drifte dei kommunale førstelinetenester.
Ordførar i Austevoll kommune, Morten Storebø, er styremedlem i selskapet.