Gründar- og prosjektrettleiiing i Austevoll
Blått kompetansesenter vest AS (BKSV) har signert avtale med Austevoll kommune om å drive kommunale førstelinjetenester, med innleiande rettleiing for gründarar og berekraftige prosjekt i kommunen.
På nyåret 2023 vart det signert ei avtale mellom Blått kompetansesenter vest AS (BKSV) og Austevoll kommune. BKSV skal drifte dei kommunale førstelinjetenester i Austevoll. Herunder gjeld innleiande rettleiing for gründarar i Austevoll, og i tillegg kan berekraftige nyvinningsprosjekt kvalifisere for rettleiiing og koordinering ved BKSV.
BKSV har eit bredt spekter av erfaring og samarbeidspartnarar, og kan med dette rettleie innan tilskots- og låneordningar, selskapsform, forretningsplan, samt koordinere og formidle testfasilitetar, samarbeidspartnarar/nettverk m.m.
Rettleiinga vert tildelt, og er gjeldande innan ei gitt tidsramme på opptil fire timar.
Les meir im denne tenesta her.
For rettleiing, kontakt:
Prosjektleiar, Blått kompetansesenter vest AS
Bente Kari Taranger: tlf. 476 12 910, send epost til Bente Kari
Prosjektleiar, Blått kompetansesenter vest AS
Sissel Fagerbakke: tlf. 413 53 778, send epost til Sissel