Utsett - ny dato kjem: Frukostmøte med Fagskulen Vestland

Framtidas kompetanse innan akvakultur står på agenda når Fagskulen Vestland, avd. Austevoll, inviterer til frukostmøte denne våren. Arbeider du innan havbruk,og er nysgjerrig på kva studie- og etterutdanningstilbod vi har på Fagskulen Vestland? Er du interessert i å vere med å spele inn signaler om kva kompetanse som vert aktuelt innan framtidas akvakultur? Då er du rette person til å delta på dette frukostmøtet, og du er gjerne også ein god kandidat til å delta i fagrådet.

Kompetanseutvikling i høgsetet

På frukostmøtet får du informasjon om eksisterande studietilbod og etterutdanning. Det nye studiet Leiing i havbruksoperasjonar vert også presentert, og sist, men ikkje minst er det eit mål å danne eit fagråd innan akvakulturutdanninga.

Meir om fagrådet

Fagskulen Vestland skal ha utdanningar med høy yrkesrelevans, og videreutvikle desse i tråd med endringar i arbeidslivet. For å ivareta dette etablerer skulen fagråd for kvar utdanning.

Fagrådet skal bidra til å sikre kvalitet og yrkesrelevans i utdanningane ved Fagskulen Vestland. Fagrådet skal ha eit regionalt perspektiv og gje innspill om regionen sitt kompetansebehov innanfor utdanningsfeltet.

Fagrådet skal arbeide med å vurdere innhald i studieplaner både i samband med utvikling av nye og videreutvikling av eksisterande studieplanar. Fagrådet skal også arbeide med tilrettelegging for kurs, prosjektoppgåver, bedriftbesøk og hospiteringsordningar.

Samansetning

Fagrådet skal være satt saman av eit representativt utvalg frå relevante bedriftar, bransjeorganisasjonar og studentar, samt fagkoordinator og avdelingsleiar ved utdanninga.

Gjennomføring av rådsmøter

Fagrådet møtast 2 gonger i året.

Påmelding og spørsmål

Vi opnar for påmeldingar så snart vi har funne ny dato. Møtet vil skjei i Fagskulen Vestland sine lokaler i Austevoll, Sauganeset 18

Møtet er gratis, men grunna servering vert det påmelding (opnar når ny dato er satt)

Prosjektleiar, Blått kompetansesenter vest AS

Sissel Fagerbakke: tlf. 413 53 778, send epost til Sissel

Forrige
Forrige

Vellukka lunsj og workshop i One Ocean Week

Neste
Neste

One Ocean Week 2024