Ein flott dag i Bekkjarvik

Torsdag, 7. november var dagen for det årlege seminaret vi arrangerer saman med Havforskingsinstituttet, avdeling Austevoll. Årets tema var “Berekraftig lavtrofisk fôrproduksjon”, og vi var heile 70 frammøtte til Løo på Bekkjarvik Gjestgiveri.

Berekraft og fôrproduksjon i høgsetet i Bekkjarvik

Dei rundt 70 deltakarane på seminaret hadde mange gode spørsmål til innleiarane, som representerte forskarar, gründerar, det offentlege og interesseorganisasjonar

Mykje god kunnskapsdeling og nettverksbygging fann stad. Her held Nina Liland frå Havforskingsinstituttet ei tydeleg innleiing om kva berekraftig lavtrofisk fôrproduksjon kan innebere, og kvifor dette er eit viktig tema å setje på agenda

Seminar, kultur og festmiddag, samla på ein dag

Seminaret
Blått kompetansesenter vest og Havforskingsinstituttet, avdeling Austevoll, var tradisjonen tru arrangør av seminaret. På agenda var det servert det siste innan forsking på lavtrofiske artar og berekraftig fôrproduksjon. Erfaring frå arbeid med nye artar, rundt distribusjon, konsesjonar, areal, sal og eksport vart også delt med deltakarane. Det var ei gruppe deltakarar som vart ekstra tatt i mot; rundt 15 elevar frå ein akva-klasse frå Austevoll VGS. Den varme velkomsten vart grunngjeven med at gruppa representerer framtida, og dei må vi setje stor pris på. Elevane og øvrige seminardeltakarar fekk høyre om arealforvaltning, konsesjonstildelingar, forsking og erfaringar innan ulike sortar lavtrofisk (blåskjell, tare, tunikat, mikroalgar, m.m.) og - sal, eksport av desse. Eit godt eksempel på vellukka marknadsintroduksjon fekk vi frå Norsk Fjordsalat; dyrka med landbasert produksjon. Vi fekk også sjå korleis råvareinnhald kan ha ulik innverknad på fiskevelferd og - kvalitet. Kva rolle fylkeskommune, kommune og det offentlege øvrig kan ha i samband med utvikling av ny næring/nye artar, var også på agenda. Her speler det ei stor rolle å ha god kommunikasjon og samarbeid mellom forsking, næring og offentleg forvaltning.

Lunsjen
Det var fleire delikate rettar til seminarlunsjen, og Team Johannessen hadde komponert fine rettar med eksempel på lavtrofiske artar som råvarer. Seminaret trengte den dryge timen for å få smake på alt det gode som var tilberedt på Bekkjarvik gjestgiveri.

Talkshow og festmiddag
Fleire av seminardeltakarane deltok på talkshow og festmiddagen same dag, og mykje god nettverksbyggjing og morosame historiar frå notid og svunnen tid florerte i Bekkjarvik denne dagen.

Festmiddag avslutta dagen

Arne Hjeltnes har sjølv stor interesse for havbruk og lavtrofisk fôrproduksjon. Han heldt tale for kvelden, og hans engasjement gjenspegler seg i biletet

Haustseminaret til BKSV/HI 2025
Vi har allereide byrja å tenkje ut kva som skal stå på agenda til hausten 2025. Det viktigste for våre seminar er at oppdatert forsking, berekraftige artar og metodar, vert framsnakka. Med dette er vi med å akselerere den positive utviklinga og verdiskapinga i havnæringane. Kom gjerne med tips og ønske om tema for 2025 - send til kontakt@bksvest.no


Neste
Neste

Berekraftig lavtrofisk fôrproduksjon