Møt oss på NOR-fishing

Vi reiser til Trondheim og NOR-fishing. På vår stand stiller vi ei rekke spørsmål, og vi ser fram til mykje besøk og god dialog rundt desse.

Besøk oss

Vi skal ha stand på Vestlandspaviljongen, og ser fram til mykje besøk på D-348

Møt oss på Vestlandspaviljongen

På stand D-348/Vestlandpaviljongen kan de møte oss og mange andre Vestlandsaktørar.

Kva vil vi oppnå med vår stand på NOR-fishing

  • Få konkrete innspel med aktørar innan fiskeri, inkludert leverandørnæringa

  • Oppdatere kunnskap om problemstillingar i næringa

  • Knytte nettverk, blant anna bli betre kjend med andre blå kompetansesentre

Kom på Havbristimen - kvar dag på vår stand

I tillegg til at vi ønsker drop-in under heile messa, held vi eit mini minglearrangement på standen dagleg, kl 1300 - 1400. Vi kallar dette for Havbristimen, og vi serverer boblar og snacks, vi minglar med alle frammøtte medan vi diskuterer dagens spørsmål.

Vårt overordna oppdrag er å knytte forsking, utdanning og næring tettare saman, og vi treng innspel frå desse gruppene som alle er representerte på fiskerimessa. Under ser du eksempel på kva vi har som mål å få innspel på, både under Havbristimen og elles heile veka.

Utdanning og kompetanse:

  • Er det tema som må inn i utdannings-/kurstilbod?

  • Har du forslag til rekrutteringstiltak til næringa?

  • Kva tiltalar studentar/unge vaksne ved karriereval?

  • Korleis står det til med rekruttering av studentar og unge vaksne til fiskerinæringa?

Forsking og utvikling:

  • Har du utviklingsprosjekt eller - teoriar du vil diskutere med ein havforskar?

  • Søker du investorar som kan vere aktuell for din gode og innovative idè?

  • Er du investor på jakt etter gode berekraftige idèar?

Møte med andre to andre blå kompetansesentre

Våre “søsterselskap”, Blått kompetansesenter AS (Frøya) og Blått kompetansesenter Nord AS (Senja/Skjervøy), skal også til NOR-fishing, og vi har møteavtale i forkant av messestart. Dette møtet skal vere til inspirasjon for alle kompetanseselskapa, og vi har som mål at møtet vil medføre eit framtidig tett samarbeid mellom desse tre.

Forrige
Forrige

Berekraftig lavtrofisk fôrproduksjon

Neste
Neste

Verneombodkurs i Austevoll (40t&2dg)