Einstemmig støtte frå fylkesutvalet
Eit einstemmig fylkesutval vedtok støtte til Blått kompetansesenter vest.
Vestland fylkesutval behandla eiga sak om Blått kompetansesenter vest 25. november. Til grunn for behandlinga låg ei positiv tilråding frå fylkesrådmann Rune Haugsdal. I saksutgreiinga si skriv han mellom anna:
Fylkespolitikarane var på linje med fylkesrådmannen då saka hamna på politikaranes bord. Dei fatta eit einstemmig vedtak om å støtte det vidare arbeidet med å etablere Blått kompetansesenter vest.
Blått kompetansesenter vest vil også bli vurdert til ordninga partnarskapsavtale som vil gi ein halv million kroner i inntekter til kompetansesenteret årleg i 2021 til 2023.
Her kan du lese saksdokumenta: Blått kompetansesenter vest