Rødspetteseminar 21. nov
Er du nysgjerrig på oppdrett av rødspette?
Vi i Blått kompetansesenter vest inviterer til seminar om dette tema saman med Havforskingsinstituttet. Det vert dagsseminar på flotte Bekkjarvik Gjestgiveri, med mykje aktuelt dagleg innhald, og til lunsj får ein smaksprøver på rødspette, komponert v/Team Ørjan Johannessen.
Program - 21. november
09:00-09:30 Ankomst, registrering, kaffe
09:30-09:40 Velkommen, gjennomgang av program for dagen
09:40-10:00 Marine arter og satsinger v/HI Austevoll (v/Kjetil Stensland - HI Austevoll)
10:00-10:20 Marked og markedsutfordringer (v/Magnus Skretting)
10:20-10:40 Produksjon av ny art og fallgruver (v/Børre Erstad – Sterling)
10:40-11:00 Forvaltninga si rolle i tilrettelegging for nye artar
(v/Elin Maria Norberg Aase- Fiskeridirektoratet)
11:00-11:20 Beinstrekk og påfylling av kaffe
11:20-11:40 Rødspette-fra stamfisk til settefisk
(v/Anders Mangor-Jensen- HI Austevoll)
11:40-12:00 Rødspette-resultat fra tidlig vekst og deformiteter
(v/Anders Mangor Jensen - HI Austevoll)
12:00-12:20 Nye fôrråvarer til bruk for marine arter (v/Øystein Sæle-HI)
12:20-12:40 Rødspette som alternativ art for oppdrett i Norge
(v/Özlem Yilmaz - HI Austevoll)
12:40-13:00 Spørsmål/diskusjon
13:00 Lunsj med smaksprøve av oppdrettet rødspette
Arrangementet er ferdig i samband med lunsj
Ønsker du å overnatte på Bekkjarvik gjestgiveri?
Her kan du booke rom
Reiseinformasjon
Vegen til Bekkjarvik i Austevoll er ikkje så lang. Her kan du finne reiseinformasjon frå både sør og nord. Ta kontakt om det er noko du lurer på om reisen.
Pris
Pris er ikkje fastsatt, men maxbeløp vert kr. 950,- for kvar deltakar. Dette er avhengig av respons på søknad om arrangementstøtte. Påmelding er bindande og vert fakturert i etterkant av arrangementet, også for påmelde som ikkje deltek og ikkje melder avbud 1 døgn i forvegen av arrangement.
For påmelding til arrangement og andre spørsmål
Send ein epost til Blått kompetansesenter vest v/Sissel Fagerbakke for bindande påmelding. Påmeldingsfrist: fredag 17. november.
Antall deltakar(ar)
Navn på deltakar(ar)
Firma og fakturadetaljer
Allergiar