Havforskningsinstituttet fyller 120 år
Visste du Havforskningsinstituttet er 120 år i år?
Norge er ikkje berre ei stormakt innan fiskeri og havbruk, men også når det gjeld havforsking.
Heilt sidan 1900 har Havforskingsinstituttet forska på havet, artane som lever i sjøen, om havstraumar, temperaturar og så mykje meir.
Norge er truleg best i verda på forståing og forvalting av havet, noko som har gjort at me haustar og produserer på ein mest mogleg berekraftig måte. Det skapar verdiar og arbeidsplassar og gir velferd på land.
Havforskingsinstituttet er ein av dei viktige aktørane som står bak Blått kompetansesenter vest.